Sv: [Bilstoler] Bakover lengst mogleg? Bakover til 4 år/15 kg.? Snu eller ikkje snu?
Det eg har lese om bilsjuke, er at barn er ekstra sårbare på bestemte tidspunkt i utviklinga av balanseorganet. Og at det derfor ser ut som om det hjelper å snu dei. Og det har vore betydelig mykje betre i år, med unnatak av den dagen vi køyrde frå Kristiansand etter å ha spist piratvafler og sjoko-cereal-kliss på sjørøverfrokost i Abra havn ... Og den kan vi strengt tatt takke oss sjølv for. Så eg meiner den delen av problemet er avtakande.
Når det gjeld stol, går noko av diskusjonen på at vi kjøpte denne kombi-stolen i fjor sommar, fordi han veks ut av det første bakovervendte setet sitt. Då hadde vi same diskusjon, men eg "vann", mot at vi kjøpte ein stol som kunne brukast i meir enn eit år. Ikkje av betydning for sikkerheitsproblematikken, men Mannen er litt oppgitt over at eg nå kjem og påstår at vi ikkje kan snu den stolen vi har. Så det er og bakgrunnen for at eg lurer på kva som eventuelt er cons med å snu kombi-stolen. :legg til opplysninger undervegs i god FP-ånd:
Plassmessig er det stor forskjell på bak- og forovervendt. Argumentet om vekt på stolen (den er 10,5 kg.) er godt. Det noterer eg. Eg vil nemlig helst kjøpe beltestol, dersom vi skal snu.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|