Sv: Ordet "jul"
Trur alt Guava skreiv står her fremdeles i og med at Maverick har sitert...
Eg var i allefall inne i tråden fleire gangar mellom 15.15 og 15.45 uten å få med meg andre innlegg, men mulig eg gjekk glipp av noko dersom det blei sletta veldig raskt.
Sjølv er eg ateist og ingen av mine barn er døpt, men eg har likevel ikkje noko problem med at det heiter juleavslutning eller julelunsj. Faktisk syns eg forsøk på inkludering har gått litt vel langt dersom det ikkje lengre skal vere lov til å bruke ordet jul eller advent om ting som skjer i desember. Sjølv om vi bytter ut ordet jul med desember slik at det blir "desemberavslutning" eller "desemberlunsj" vil jo likevel eventuelle muslimar eller Jehovas Vitner forstå at det dreier seg om ei juleavslutning med pepperkaker og kanskje til og med ein nisse eller to, så eg ser ikkje heilt poenget med å bytte navn.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|