Sv: Har du sett Black Mirror?
Den er på Netflix.
Nokre episodar kan kanskje vere litt xfiles, men ingen episodar heng egentlig sammen og alle er frittståande, så om du ikkje likar ein kan du framleis like ein annan, men du må nok like sjangeren.
Utan å hugse alle episodane, så kan eg i alle fall hugse at det er nokre surrealistiske greier, nokre framtids-sci-fi aktig, og i det store og heile ein god del menneskelig psyke, kor langt det er mulig å gå, kva som kan opplevast som "normalt" berre ting blir normalisert nok utan at nokon protesterar. Den er mest skummel med tanke på akkurat dette, tykkjer eg.
Og så er den både trist, og fin, vakker og pinlig. Heilt vidunderlig ekkel og nydelig. Og veldig spesiell.
__________________
Det är ni som är dom konstiga, det är jag som är normal.
|