Sv: Juletråden 2016
Så artig tre, Retz.
Bestefaren min borra hol i stammen og flytta rundt på greiner til han var sånn passe nøgd med treet. Og eitt år forsvann vårt juletre i ein storm. Da måtte pappa hogge eit i ein skog på julafta. Det var så stygt at mamma og me ungane gret da me såg det.
Eg er jo ikkje så glad i jul, eller denne årstida for den del. Men forsøker å gjennomføre utan å la det påvirke ungane. Dei siste åra har me fått for oss at dess meir glorete treet vårt er dess betre. Det har gått sport i å kjøpe dei mest glorete julekulene. Så no har me julekuler med Kypros-motiv, ei grøn ei frå Guinnes bryggeri, ei sånn som i avantaren min, eit par frå Disneyland i Paris etc.
__________________
Bergensis
|