Sv: Hva likte konfirmanten (eller ikke-konfirmanten) din best?
Ho sette pris på alle bildene me hadde printa ut i polaroidformat. Fine bilder og bilder som ho har gode minner frå. Dei hang hyssing langs veggane rundt i lokalet.
Ho likte merksemda den dagen, og hadde veldig godt av å høyre gode ord i talane. Eg angrar på at eg ikkje sa noko sjølv, anna enn at eg ønska velkommen. Mannen hadde skrive tale, og der var detaljar omkring langvarig, fæl og tildels dramatisk fødsel skildra fargerikt. Heldigvis las eg gjennom den, og fekk redigert vekk. Fødsel er liksom temmelig privat, og å gi 50 gjester detaljar om mitt underliv under ein festmiddag, var ikkje særleg forlokkande.
Ho var nøgd med at me gjekk med på å ha pølser og lomper i tillegg til koldtbord.
Ho var lite nøgd med å måtte reise seg opp og takke for gåver, merksemd og oppmøte etter middagen. Men fekk sagt nokon sånt som "tusen takk for at de kom".
__________________
Bergensis
Sist redigert av Bergensis : 05-03-18 kl 18:33.
|