Sv: I desse lavkarbo-tider
Den som er naturell er utan sukker ja. Du kan få kjøpt den "urørt" i butikken på Island, dvs. som ein ganske fast klump med ost; liknar på dei klumpane som er i cottage cheese, men utan det mjuke rundt. Den blir rørt med fløyte eller melk og tilsatt så mykje sukker som ein vil ha.
Islendingane et dette nesten som ein slags yogurt, og du får kjøpt i mange ulike fruktvariantar og med sukker så klart. Sikkert ikkje like sunn då, men ikkje værre enn vår yogurt vil eg tru?
I smak minner det egentlig ikkje så mykje om våre produkt. Vi har snakka med ein meirist om dette her. I prosessen tilset ein ein klump med skyr slik at ein får dei riktige bakteriane i massen. Og dette er heilt eigne bakteriar som er spesielle for skyr, så det smakar derfor som.. ja som skyr og ikkje noko anna. Er ganske frisk syrlig og litt tørr smak i grunnen. Kan kanskje minne bittelitt om feta? Tja, ein blanding av feta, cottage cheese og kesam kanskje?
Ser at danskane har starta produksjon av skyr. Det burde vi jo i gjere i Norge også; er jo her vi hadde det først! (og så gløymde vi ut heile osten, så synd...)
Ungane våre vil gjerne ha skyr. Med fløyte og nyplukka bringebær var det fantastisk i alle fall! Smakar som dessert!
(uttales forresten "skir", med rulle-r åff kårs! )
|