Sv: Er det lov til å skyte gjess?
Eg fekk ikkje lov til å verken skyte, kvele eller forgifte måkene som forpesta livet vårt der me budde før. Politiet har kontor like ved og var svært medfølande, men kunne dessverre ikkje tillate det.
Måkene holdt det gåande alle døgnest lyse timar, dei anekterte verandaen vår ved å legge egg i alle blomsterkassar sånn at det var umulig å bruke den. Alle forsøk på å ta verandaen tilbake vart møtt med ilsinte, stupande måker.
Det me kunne gjere var å stikke hol på alle egg. Da ville måkene ruge som vanleg og det ville ikkje bli klekt måkebarn. Bestanden på denne plassen er forøvrig fullstendig ute av kontroll
Tvilar på det er lov å skyte gjess sånn utan vidare.
Har eg nevnt at eg ikkje likar måker?
__________________
Bergensis
|