Sv: Unpopular opinion-tråd
Eg syns at bruk av «inkluderande språk» i forhold til kjønnsinkongruens har gått litt for langt. Eg har ingen problem med at folk skal få velge sine eigne pronomen. Eg kjenner ei som tidligere var mann og har klart ganske greit å venne meg til å omtale denne personen som «ho». Men når eg i forskning på svangerskap og fødsel må skrive «people with uterus» istedenfor «women» og «pregnant people» istedenfor «pregnant women» blir eg litt matt. Akkurat no skal eg skrive om eksponering for diverse medikament både hos far og mor i tida rundt befruktningstidspunktet og innser at eg kanskje ikkje får lov til å skrive «mother» og «father» heller. Då blir det veldig tungt språk dersom eg skal klare å skille. «Drug exposure among mothers and fathers» blir då kanskje «Exposure among childbearing parents and semen providing parents» 
Og er «maternal» og «paternal» også forbudte ord?
Kanskje eg kan sleppe unna med å definere «mother» og «father» tidlig i artikkelen og understreke at eg er klar over at ikkje alle som føder identifiserer seg som mor eller kvinne og at ikkje alle som er biologisk far identifiserer seg som far eller mann?
Og ja, eg er klar over at begrepet «mother» kan vere problematisk av andre grunnar også. Nokre gravide kvinner skal adoptere bort barnet eller er surrogater og definerer derfor ikkje nødvendigvis seg sjølv som mor pga det.
Men språket blir så vanvittig tungt og komplisert dersom ein skal ta hensyn til alle minoritetar heile tida!
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|