Sv: Frokost på skolen
Frukost på skulen hadde vore kjempebra. Gjerne lunsj og. Sunn og god mat, sjølvsagt.
Ingen av oss er svoltne om morgonen og alle er litt morgongretne, men kjempar i seg ei brødskive fordi ein "må". Det blir ikkje veldig triveleg om morgonen av slikt. Det hadde vore betre å kunne ta frukosten i fred og ro litt seinare. Ungane et mykje betre når dei et saman med andre ungar litt seinare og (erfart frå barnehagen).
Å dra inn "udugelege foreldre" som argument i ein slik diskusjon, blir litt merkeleg, tykkjer eg.
|