Sv: En kjevle, et kjevle, ei kjevle?
Frå spøk til alvor, så er det jo slik at tostava ord som endar på trykklett -e typisk sett er hokjønn i norsk, og dette veit kompetente norskbrukarar, så at infrekvente ord som t.d. "kjevle" vert hokjønn er forventa. Nokre få som har lært seg at kjevle kjem frå kefli, som var inkjekjønnsord i norrønt, veit at det eigentleg heiter eit kjevle. Andre har høyrt det frå mor (slik som eg) og veit at dette er eit unnatak, og for atter andre som bruker ordet mykje i inkjekjønn, vil det kjennast naturleg at det er inkjekjønn.
No som dei fleste kjøper julekakene sine i butikken (som dei sa på Dagsrevyen i går), og dimed slepp å bruke både sjølve kjevlet og ordet i nokon særleg grad, vil nok "kjevle" etter kvart verte eit hokjønnsord (og det kjem mamma til å bli sur for, haha.)
Eit like interessant spørsmål: Kva for kjønn er "kondom" hos dykk, da?
Sist redigert av Møøse : 13-12-07 kl 11:46.
|