Sv: Verre hjem har jeg ikke sett!
Eg var i praksis i ein by, og da var det vanleg med heimebesøk til pasientar som ikkje kunne kome seg ut til klinikken (fysio). Praksisveiledar ba meg på forhånd om å ta på høghalsa gensar (brukte private klær). Det var ein svinesti av dimensjonar som møtte oss. Den eldre (enke)mannen var svekka fysisk og hadde på toppen av alle sine helseproblem fått sin narkomane og utagerande sønn i hus. Han flytta inn utan tillatelse og den gamle mannen turte ikkje kaste han ut.
Heimehjelpen nekta å kome pga. den utagerande sønnen pga. tidligare erfaringar med han.
Synet som møtte meg var fælt. Det var boss og rot og fulle askebeger, tomflasker, mygla matrestar. Lukta var alldeles infernalsk. Det var umulig å opne vindu. Dei sat bom fast. I stova sto den gamle mannen si seng ettersom sønnen hadde kasta faren ut frå soverommet. Attmed denne senga sto ei bøtte, ei vanleg vaskebøtte. Den var full av urin og oppspytt/slim. Den var så full at det skvulpa når me forsøkte å kome forbi.
Eg har aldri gløymt dette synet. Det er det mest uverdige eg nokon sinne har sett. Da me var det hadde far og sønn ein tilsynelatande god tone.
Det gjorde meg umåteleg trist, oppgitt og frustrert. At det er mulig å leve på denne måten i 2000-og-eitt-eller-anna. Eg reknar med mannen er død no.
Ang. behov for høghalsa gensar:
Me pusta begge ned i kragen på vår høghalsa gensar for å døyve litt av den intense lukta. Det var visst nok ein meir diskret måte enn å bruke munnbind (!)
__________________
Bergensis
|