Hjelp om underliming / planliming etc av vask
Les oppvask-kum tråden med interesse. Vi skal bygge hus, og min mann (oppvaskeren) har heilt klare meiningar om kva oppvaskum vi skal ha. Det er i orden - det engasjerer meg lite. Men det eg gjerne vil vite er kva type benkeplater vi kan planlime i / underlime i. Det anar meg at underlimt vask ikkje går saman med laminat f.eks? Stemmer det?
Og stein - der går alt an? Kva då med tre? Og Corian? Vi hadde tenkt å sleppe litt billig unna å bruke laminat i første omgang. Vi skal ha ei stor øy der vi får ei dyr benkeplate i tre. Ved vegg skal vi ha oppvasksone, og den kan gjerne vere litt mindre "flashy" - derfor laminat. Er dette begrensande for kva vask vi kan ha?
|