Sv: Skal pusse opp gangen!
Vi pussa opp gangen i fjor.
Først reiv vi bort alle lister og all tapet inn til muren. Sparkla som gal. Malte taket på nytt. La på ny miljøtapet med veldig svak struktur (loddrette svake striper). Malte med Claro; liknar nok på eggehvit. Veldig fornøgd med den fargen. Taklistene satte vi ikkje på igjen, men la ei tynn stripe kvit akryl fugemasse i knekken mellom tapet og tak. På golvet la vi laminat som ser ut som store gråsvarte fliser. Heilt ok; vi hadde ikkje råd til eit dyrt golv, og dette såg veldig bra ut.
Av møbler var beste kjøpet eit Sandnes skoskap frå IKEA; det høgaste. Plass til masse sko, ryddar veldig godt opp og tar ingen plass. Kjøpte ein puff med plass inn til å oppbevare ungane sine ørten ulike ytterplagg i, samt eit pax garderobeskap. Alt frå IKEA.
|