Da var det tid for vasking av bunadsskjorter
Tok eit raskt søk på forumet, og det dukka opp denne tråden og denne tråden.
Her var det masse nytt for meg - både at ein kan vaske linskjorter på 60 grader (sågar koke, sjølv om noko meiner det ikkje er bra), og at skjorter skal oppbevarast ustrøkne (det er forsåvidt aldri eit problem her...).
Mi skjorte er i lin, med kvite broderi. Problemet mitt er deodorantflekker rett og sletten. Det vises strengt tatt ikkje når skjorta er på, men dog. Der er også ein liten orange flekk etter .. ketchup? på eine ermen.
Diskuterte kloring på jobb, og enkelte damer der holdt på å besvime når eg foreslo å forsiktig dytte litt klorinvatn på sånne flekker. Men i dei gamle trådane eg linka til er der folk som har klora skjorta med hell tidlegare.
Kanskje ein 60 graders vask vil vere nok (utan sentrifugering). Er det fleire som har vaskeplanar for sine bunadsskjorter i år?
|