Splashback kjøkken, farge? Hjelp!!
Ei veke i nytt hus. Det er altfor mange val å ta! Eg treng hjelp til farge på slashback over kjøkkenbenken.
Fakta 1: Vi skal ha glasplate med farge frest inn i. Bestemt.
Fakta 2: vi har ein vegg med fire høgskap som skal ha GRØNE dører. Dette skal kombinerast med jordbærraude lampeskjermar frå IKEA, over spisebordet.
Dilemma: Nå har vi allereie kvitt, rødt og grønt på kjøkkenet (ja, eg likar fargar, looken med svart, kvitt og industri er heilt no no for meg). Kva skal vi da ha over benken?? Det anar meg at å dra inn ein tredje farge ikkje er så lurt, men ein variant av grønt / gult er kanskje mulig? Like ved kjøkkenet er ein stor vinterhage der vi skal ha litt "jungel". (er litt derfor eg skal ha grøne dører, for å dra fargane med meg inn i kjøkkenet). Men eg held ein knapp på ganske mørk grå - for å roe ned littegranne kanskje. Har prøvd meg med diverse under her, og vil SVÆRT GJERNE få råd.
Eg trur eg syns at ein mørk farge er betre enn ein lys. Kunne sjølvsagt velge Chi, som er samme farge som veggene, men trur det blir kjedelig. Føler for at denne delen av kjøkkenet treng litt tyngde for å balansere seg mot dei nokså dominerande grøne dørene.
Situasjonen i dag:

Med ein slags sennepsfarge over benken:

Med mørk grått:

Annan vinkel; situasjonen i dag:

Sennep look alike:

Mørk grått:

__________________
Jente 2003 og gut 2005
|