Reality Check: Innesko
Vi har ein diskusjon med ped.ledar, som meiner at Ungen (18 mnd.) går mykje stødigere viss han kan bruke joggesko eller sandaler inne. Vi har sendt med han skinntøfler og PoP sine "mokasiner" (turnsokkar). Eg meiner å ha høyrd at det er betre for balanse og utvikling av muskelatur i føter og bein å ikkje gå med sko med harde sålar inne heile dagen. Vi har prøvd ut eit utal ulike varianter med skinnsåler og mjuke såler, men ingenting er "godt nok". Ped.ledar vil ha sko.
Eg er litt irritert. Og så begynner eg å bli usikker på om eg eigentleg har rett. Stemmer det at det er hemmende for motorisk utvikling å gå med sko inne? Eller er dette ei pick your battles-greie, kor eg bare bør gi meg og kjøpe joggesko eller sandaler til innebruk i barnehagen? (Eg har potensiale for å bli hysterisk, når det kjem til fysikalsk utvikling, fordi eg slit veldig med skjelett- og leddplager sjølv, så eg tåler å høyre det, dersom eg bør gå i meg sjølv her).
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|