Gå tilbake   Foreldreportalen > FPForum > Kultur og underholdning

Tv-vanar - bruk av norske kanalar

Kultur og underholdning Litteratur, film, tv-serier, kunst, teater, revyer og annen kulturell aktivitet.

 
 
Trådverktøy Visningsmåter
Gammel 27-01-11, 09:30   #1
Syrin
Med tommestokk i veska
 
Syrin sin avatar
 
Medlem siden: Apr 2007
Innlegg: 5.042
Syrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelen
Standard

Tv-vanar - bruk av norske kanalar

Kor har det blitt av den store, nasjonale kanalen egentlig?

Eg merkar at mine tv-vanar har endra seg mykje i løpet av 10 år. Eg ser noko mindre på TV enn før, og eg ser på heilt andre kanalar. Eg har distansert meg meir og meir frå dei norske kanalane. Det er har gått såpass langt at eg merkar at eg har satt meg sjølv til sides i t.d. diskusjonar på arbeidsplassen. Eg har høyrt om, og av og til sett på det eg antar er kjende ting som Nytt på Nytt, eg har høyrt navnet Christine Koht, og ledd av Anne K. Herland i ny og ne. Harald Eia veit eg kven er ja. Eg er elles ufattelig, ufattelig dårlig på kjente navn og personar, i alle fall i underholdningsbransjen. Og ja, eg veit at mange av dei er faktisk morsomme og flinke. Det å ikkje vite kva som foregår på norsk tv er på ingen måte snobbete skryt - det er rett og slett litt hemmande å ikkje vere orientert.

Nå merkar eg at dette blir overført til ungane også. Ungane ser på barnetv, newton og eit eller annan kjæledyrprogram som går av og til. Elles ser dei tegnefilm på andre kanalar, helst Tom&Jerry, Flintstone og tilsvarande. Dei har ikkje sett Grand prix junior f.eks, og eldste er jo 7 år. I deira verd er TV berre barneprogram. Vi vaksne ser TV etter at ungane er i seng. Dei har aldri sett nyheter f.eks. Det vi vaksne ser er gjerne nedlasta film og seriar, eg sløvar gjerne framfor BBC lifestyle med matlaging, husbygging og interiør. Mannen ser film på ein eller annan kanal, sport og dokumentarar, men sjeldan på NRK/TV2. Nyheter ser vi helst ikkje på norsk kanal (og der mister eg jo også ein del kulturell input som er kjekt å få til lunsjpausen neste dag) (a la: "såå du den katten som satt fast i den lyktestolpen, som de snille brannmennene reddet ned, det var så koselig").

Eg lurer rett og slett på kva TV-vanar folk har. Både når det gjeld kva kanalar ein velger, om ein eventuelt føler seg litt desorientert fordi ein ikkje ser på det veldig mange andre ser på, og kva tv-vanar ungane har. Mine er altså 5 og 7 år, så dei vil kanskje gjere krav om meir norsk underholdningstv ettersom dei veks til og høyrer kva andre ser. Eg er jo ikkje imot at dei ser på Grand Prix f.eks.

I hin hårde dager, i min barndom, såg jo alle saman alt på same kanal, og Folket var samlet Nasjonskanalen er jo så godt som borte.

Syrin er ikke aktiv   Svar med sitat
 


Innleggsregler
Du kan ikke starte nye tråder
Du kan ikke skrive svar
Du kan ikke laste opp vedlegg
Du kan ikke endre dine innlegg

BB code is
[IMG] kode er
HTML kode er Av
Bytt forum


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 22:02.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2025, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no