Avisdelingsetikette, kven har rett?
Etter ein smule amper stemning rundt kjøkkenbordet på morgonkvisten i dag må eg berre få lufta ei lita problemstilling:
La oss seie at du og ein anna person skal lese ei avis med fleire delar, type Bergens Tidende eller Aftenposten. Den andre tar del 1 og du tar del 2. Kva skjer dersom den andre parten blir ferdig med del 1 medan du er midt i ein interessant artikkel i del 2? Gir du frå deg avisa og begynner på del 1 i staden for slik at den andre personen skal sleppe å vente, eller leser du ferdig artikkelen først?
Eg meiner at det er rett og rimelig at eg i det minste får lese ferdig artikkelen før eg gir frå meg avisa, men min avisdelings-partner insisterte på at han skulle ha avisa med ein gang og at eg måtte lese ferdig artikkelen etter at han var ferdig med del 2.
Eg parerte med at han viste ein smule manglande sosial intelligens i denne situasjonen, men han meinte at det tvert i mot var eg som viste manglande sosial intelligens.
Kven har rett?
Mykje ein skal irritere seg over tidlig på morgonen...Enden på visa blei at eg ga fra meg avisa uten å lese ferdig og trampa avgårde til jobb uten å lese noko meir avis. Men no har eg fått kaffe, så irritasjonen begynner å dempe seg bittelitt....
Men eg er fortsatt såpass irritert at eg må finne ut om eg hadde rett eller ikkje! 
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|