|
Skilpaddas flisespikkeri Ingen flis for liten - her er det fritt frem for alle pedanter! |
|
Trådverktøy | Visningsmåter |
08-08-12, 12:55 | #61 |
er her
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?Der ramla eg av lasset, anbehetelse-ord. Er det dei orda som er i parentes i ordboka, altså den mest radikale varianten eller noko heilt anna?
__________________
Ole Brumm -04, -08, -11, -14 |
08-08-12, 13:05 | #62 |
På vei
Medlem siden: Sep 2006
Innlegg: 3.977
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?Eg er litt tilhengar av å kunne skrive slik det fell seg mest naturleg, dvs det som er nærmast det ein snakkar. Eg hugsar eg skreiv stil på barneskulen ein gong, og skulle skrive at ein person "mista medvitet". For meg var det var ein heilt ukjent måte å si det på, eg kjende kun til "bevisstløs". Eg prøvde etter beste evne å finne eit anna ord enn bevisstløs, men måtte gje opp, og for å kunne skrive det eg ynskte hadde eg ikkje anna val enn å bruke eit ord eg visste eg fekk raud strek under. Denne opplevinga var med på å forme min motvilje mot nynorsk i unge dagar, som gjorde at eg allereie i barneskulen gjekk over til skriftleg bokmål i alle faga unntatt i norsk sidan nynorsk var målforma vi hadde på skulen. |
08-08-12, 13:10 | #63 |
Halloen!
Medlem siden: Mar 2008
Innlegg: 20.376
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?
Ord som byrjar på an-og be- og slutta på -het og -else. Ein gyllen regel tidlegare var jo at ein skulle halde seg heilt unna desse på nynorsk. No er det vel nokre av dei som er godkjende, men eg kjem ikkje på kva ord det gjeld no i farta. |
08-08-12, 13:38 | #64 |
kamerat
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?
Eg trur sjølvsagt også det, men nynorsken har ein tung bagasje av tradisjon, tabu, paranoia og vage kjensler av at noko ikkje er heilt bra, og det trur eg òg er mykje av problemet. Det er med på å få folk til å hoppe av som nynorskbrukarar, og det får folk til å vegre seg mot å lære nynorsk. At det liksom skal vere valfridomen i seg sjølv som er problemet, trur eg rett og slett ikkje på.
__________________
Prima (0503) et Secunda (0505) “Do you find it easy to get drunk on words?" "So easy that, to tell you the truth, I am seldom perfectly sober.” (Dorothy L. Sayers, Gaudy Night) |
08-08-12, 16:57 | #66 |
Librocubicularist
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?
Nå kan det hende eg ikkje forstod heilt kva du meinte, men eg trur heller ikkje valfridommen er problemet. Det handlar jo i stor grad om å velje ei linje og følgje ho sånn omtrent konsekvent. Eg vel for eksempel 'bare' og 'vi', ikkje 'berre' og 'me', delvis for å kunne legitimere valet av meir bokmålsnære former og moderat bruk av substantiveringar, ved behov, fordi det er praktisk i eit kommunikasjonsperspektiv. Det kjenner eg er nødvendig, dersom eg skal kunne bruke nynorsk som hovudmål, noko eg ønsker. Men eg får jo stadig kommentarar (eller stadig, eg har ikkje høyrd det sidan eg var ferdig på Blindern) om at når ein først skal skrive nynorsk, bør ein vere meir konservativ. Dette ser eg Frode Grytten og blir kritisert for, sjølv om eg meiner at hans tekstar er svært gode som "ambassadørar", nettopp fordi dei har eit veldig tilgjengeleg språk. Historia til ElinM over, trur eg er veldig typisk for folk som går over til bokmål. |
08-08-12, 17:53 | #67 |
Yes, we can!!
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?Eg synest (synes? Synst??? Nektar å skrive Tykkjer, altså!) at det er litt smakssak og. Når enkelte skriv så bokmålsnært at du inne teksten snur han til bokmål i hovudet, før du må vrenge tilbake igjen til nynorsk, sånn samnorsk, då blir det veldig slitsomt å lese. Det er ein eller annen aviskommentator som skriv sånn (eller er det radikalt bokmål han skriv?), og det gjer veldig dårlig flyt.
__________________
Feilen med verden er at de dumme er så skråsikre på alt - og de kloke så fulle av tvil. Bertrand Russel |
08-08-12, 17:56 | #68 |
kamerat
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?Kanskje litt kryptisk formulert av meg, bai (og det endå det er ein av kjepphestane mine). Eg meiner vel berre at det er for mange motstridande tradisjonar og normsett i nynorsken, og for mange mørkemenn og fraksjonar. Og ikkje noko av dette er eigentleg skrive ned nokon stad, så det blir vanskeleg for folk å navigere.
__________________
Prima (0503) et Secunda (0505) “Do you find it easy to get drunk on words?" "So easy that, to tell you the truth, I am seldom perfectly sober.” (Dorothy L. Sayers, Gaudy Night) |
08-08-12, 18:02 | #69 |
En, av to-tre
Medlem siden: Apr 2011
Innlegg: 5.089
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?Det finst eit hemmeleg eldsteråd i Noregs Mållag som er generelt i mot, det trur eg. ;-) |
08-08-12, 18:03 | #70 |
kamerat
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?Ein treng ikkje vere gammal. Har du støtt på høgnorskingane nokon gong?
__________________
Prima (0503) et Secunda (0505) “Do you find it easy to get drunk on words?" "So easy that, to tell you the truth, I am seldom perfectly sober.” (Dorothy L. Sayers, Gaudy Night) |
08-08-12, 18:04 | #71 |
kamerat
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?Sjå her. Dei er skremmande unge, mange av dei.
__________________
Prima (0503) et Secunda (0505) “Do you find it easy to get drunk on words?" "So easy that, to tell you the truth, I am seldom perfectly sober.” (Dorothy L. Sayers, Gaudy Night) |
08-08-12, 18:07 | #72 |
En, av to-tre
Medlem siden: Apr 2011
Innlegg: 5.089
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?Idealistane - dei er gamle alt frå fødselen av. |
08-08-12, 18:11 | #73 |
Gå heim, kyss din kvardag
Medlem siden: Oct 2006
Hvor: Buskerud
Innlegg: 13.078
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?Dette er ein morsom tråd. Det er ser når eg skal lære elevane om kløyvd infinitiv, er at eg fyrst må lære dei kva kløyvd, altså å kløyvd, betyr
__________________
05 |
08-08-12, 18:14 | #74 |
Gå heim, kyss din kvardag
Medlem siden: Oct 2006
Hvor: Buskerud
Innlegg: 13.078
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?
Oj. Eg skreiv mi på nynorsk, i Bergen, med ein rettleiar som har sterk dysleksi.
__________________
05 |
08-08-12, 18:22 | #75 |
Travelt opptatt
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?Eg skulle gjerne hatt ein nynorsk med fleire valmoglegheiter. Så lenge språket var gjennomført skulle alle dialektord og grammatiske former vore lov. Samnorsk hadde heller ikkje vore så dumt.
__________________
Litjtausa 06. Lille skatt 07 |
08-08-12, 18:32 | #76 |
kamerat
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?Dokker er lov i nynorsk no frå 1. august, både som subjektsform og objektsform.
__________________
Prima (0503) et Secunda (0505) “Do you find it easy to get drunk on words?" "So easy that, to tell you the truth, I am seldom perfectly sober.” (Dorothy L. Sayers, Gaudy Night) |
08-08-12, 18:51 | #77 |
Jamning
Medlem siden: Jun 2008
Innlegg: 1.806
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?Monge gode innspel her. Takk for engasjementet. Finnes det eit godt nynorsk ord for engasjement?
__________________
doing the dishes while doing the dishes |
08-08-12, 18:54 | #78 |
Jamning
Medlem siden: Jun 2008
Innlegg: 1.806
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?Eg ser og at eg ikkje klarer å skrive a-infinitiv til tross for at det ligg nærare dialekta mi. Bør eg likevel gjere det i omsyn til elevane mine?
__________________
doing the dishes while doing the dishes |
08-08-12, 19:02 | #79 |
Gå heim, kyss din kvardag
Medlem siden: Oct 2006
Hvor: Buskerud
Innlegg: 13.078
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?Og noe/ noen forsvinn. Det er litt dumt, for mange med nynorsk som sidemål får lett angst av alle pronomen med k involvert.
__________________
05 |
08-08-12, 19:57 | #80 |
Librocubicularist
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?
Eg har møtt ein av desse (eller, det var forsåvidt ei mørkekvinne), dagen før innlevering av ei tisiders oppgåve. Det var eit angstfylt møte. Heldigvis møtte eg eit fornuftig menneske seinare på dagen.
Det siste du sa der, det er det eg og meiner. Og eg bruker også synest, sjølv om eg er usikker på om over nemnde mørkekvinne ville godtatt det.
Rettleiaren min blei glad då eg valde bokmål. Men eg skreiv innafor eit fagområde kor det språklege var med i vurderingskriteria.
Er dokker lov!? Då utgår jo kjepphesten min: "Nå må de skjerpe dykk!".
Eg må få tak i dei nye retningslinjene. Og eg kjenner at eg likevel vil fortsette å skrive 'bare'. |
|
|