Din avatar: Kven/kva - og ev. kvifor?
Det har vel vore slike "Forklar din Avatar"-trådar før, meiner eg minnast, men sidan det stadig kjem nye til og nokon endrar avatar innimellom tenkte eg det kunne vore på sin plass med ein slik tråd no. Ikkje minst av di eg ser mange har personar eller figurar som avatar og eg av og til lurar på kven mange av desse er og om kva grunnen er til at folk har vald nett denne personen/figuren - eller tingen eller kva det no måtte vera - om det er noko spesiell grunn, då...
Nokre er sjølvforklarande med omsyn på nick(kattar og kaninar og strutsar og skjelpadder og slikt) men kan sjølvsagt og bidra om dei ynskjer.
For min eigen del:
Min avatar er trollmannen(med "Wizzard" på hatten) Rincewind frå Discworld-bøkene av Terry Pratchett.
Eigentleg ville eg hatt den vesentleg kulare Commander Vimes, men Ulvefar har brukt han - og å bruka Lord Vetinari føler eg ville vera å sikta i overkant høgt, så då eg fann den stilige Rincewind-illustrasjonen av Paul Kidby der han studerer med fryd ei stor potet måtte eg berre ta den.
Rincewind er altså ein stor tilhengar av poteter som mat - som eg og er - i tillegg har han ei vidgjeten evne til å overleva dei mest vanvituge og bizarre situasjonar - ikkje med å vera tøff og stor og sterk og modig - men med å vera rask til beins. Føler han dermed høver bra som avatar til ein noko konfliktsky Didjeridust.
__________________
Rart er fint
Sist redigert av Didjeridust : 02-11-10 kl 15:04.
|