Julegavehjelp: Stort ullskjerf i fysisk butikk i Oslo
Niese ønsker seg «stort ullskjerf, sånn som ser ut som eit pledd». Eg har eit kvitt slikt, frå https://m.boozt.com/no/no/fall-winte...roup=brandwall og det er «noko som likner på det», som ho ønsker seg.
«Problemet» er at vi pleier ligge på 4-500 til nieser og nevøer. Vi kan strekke det litt lenger, men vi ønsker ikkje at julegavebudsjettet skal eskalere så veldig.
Vi har ikkje tid til netthandel.
Så spørsmålet er, er det nokon som har sett eit slikt skjerf i ein fysisk butikk i Oslo (jo nærmare Oslo S, jo betre), i denne prisklassen?
Eg ser at mange av kjedebutikkene har polyester/akryl-skjerf som er innafor i pris, men eg er altså på jakt etter ull, dersom det er realistisk.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|