Sv: Lese bøker på iPad eller Kindle?
Det er vel eigentleg ein smakssak.
Her i huset les eg på lesebrett (sony), fordi eg blir veldig sliten av å lese på opplyst skjerm. Lesebrettet har, som fleire har peika på, passiv skjerm, det er som ei bokside omtrent og du må ha lampe på i tillegg for å klare å lese. Men eg slappar godt av med denne teknologien, og blir ikkje sliten i auga av å lese, på same måte som når eg les på opplyst skjerm.
Mannen svergar derimot til å lese på iPad, fordi han liker denne skjermtypen. Han synest det er masete å måtte ha lampe i tillegg, og meiner at den korte levetida på iPadbatteriet ikkje er noko problem, så lenge han hugser å lade.
|