Gå tilbake   Foreldreportalen > FPForum > Fritid og hobby

Prosjekt påskekyllinger

Fritid og hobby Favner alt som har med fritid og hobby å gjøre. Reiser, sport, kosmetikk, shopping og hobbyaktiviteter.

 
 
Trådverktøy Visningsmåter
Gammel 08-03-13, 09:31   #1
Hjertensfryd
Unik
 
Hjertensfryd sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2006
Hvor: Casa Del Troll
Innlegg: 9.317
Blogginnlegg: 98
Hjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de fleste
Standard

Prosjekt påskekyllinger

Forventa klekkedato: 22.3.2013

Den 28 februar kom det 18 egg på døra. Sendt med il post over natta kunne det virke som. Me åpna pakka spent. Hadde dei klart seg eller var det berre eggedosis inni pakka ?
Skuffelsen steig etterkvart som me pakka ut lag på lag inni der. Det var vått og klissete. Noko hadde gått galt.
Då me tilslutt klarte å finna eggekartongen og åpna den, viste det seg at to egg var knuste. Ikkje verst i det heile tatt. Tørka dei andre egga godt og la dei til rette i nye kartonger for kvile i eit døgn.
Fredag 1 mars var alt klart for å legge 16 egg i maskina.


Me har med automatisk vending så eg slepper å huske på å vende egga to gonger om dagen. Det tar maskina seg av.

På dag 4 lyste me egga. Det går ganske så fort inni der. Av 16 egg er det 8 egg eg er heilt sikker på at det er liv inni. Alle egga skal sjekkast igjen no i helga. Då tar eg vekk dei første egga som det ikkje er liv i.


Sitat:




Under lysing, blodåre og embryo.

Slik som det er på det bilete, er det eg ser når eg lyser egga mine.

Her er alt som skjer inni egget den første veka.

Sitat:

Etter 33 timar.
Påbegynnelse av hjarte muskelen.
Dannelde av øret.


Etter 42 timar, slår hjartet sine første slag.

50 timar: Amnion og fosterhinna vert danna.

Etter 60 timar vert nashola, beinstruktur og vingar danna.


Etter 70 timar startar allantois (blære som fungerar som pusteorgan og som samlar opp avfallstoff) å utvikle seg.


Dag 4-6 utviklar tunga, kjønnsorgan, nebb og eggtann seg. (Eggtanna brukar kyllingen når den skal hakke seg ut av egget).




Ca 1 veke gamalt embryo.

( tekst og bilder er lånt frå Ladeoppdrett )

Dag 6:

Etter lysing av egg no i kveld er 5 tatt vekk. 3 var tomme og har dermed ( sannsynligvis ) ikkje vert befrukta. Eit var forurensa med blod ( ein ser ein blodflekk midt inni egget og ein ring rundt ) og eit var heilt svart. Det egget som var heilt svart inni, var det skumlaste. Når det blir slik er eksplosjonsfaren ganske så stor. Så det blei frakta med stor forsiktighet ut.

Men dei andre egga er det framleis håp for. Det er enno eit par som er usikker. Som de ser av det øverste bilete så er det to hønseraser eg har i maskina. Og dei kjempefine mørkebrune egga er det ikkje så lett å lyse. Så der har eg eit par usikre enno. Men dei andre. Vel, Live var heilt i ekstase. Å sjå inn i eit egg og sjå på at det beveger seg der inne er ganske så fascinerande. Det er liv inni der.

Dag 8: To egg, eg er ganske sikker på at det ikkje blir noko av. Ventar i nokre dagar til for å vera heilt sikker, før eg fjernar dei. Men eit av dei usikre viste seg å vera liv i
Så av 16 egg, er me no nede i 11 og når eg fjernar dei to neste ( sannsynligvis ) så er me nede i 9 egg. Eg håpar eg slepp å ta vekk fleire då.

Dag 12: Eit egg til blei tatt vekk i går kveld. Er eit egg som eg ikkje er sikker på. Problemet er at skallet er så mørkt, så det er ikkje så lett å sjå gjennom det. Men i dei andre svømmer det små krabater rundt i. Særlig i egg 15 og 16 ( jada, dei er nummerert og veid før dei blei lagt inn i maskina ) Ein ser så tydelig den lille krabaten som svømmer inni der og jobber med å bli stor. Berre ei veke igjen til vendinga er over, temperaturen skal ned og fuktigheten opp. Me gleder oss alle så innmari til neste helg.

__________________
Nobody is perfect. My name is Nobody.

Sist redigert av Hjertensfryd : 13-03-13 kl 12:41.
Hjertensfryd er ikke aktiv   Svar med sitat
 


Innleggsregler
Du kan ikke starte nye tråder
Du kan ikke skrive svar
Du kan ikke laste opp vedlegg
Du kan ikke endre dine innlegg

BB code is
[IMG] kode er
HTML kode er Av
Bytt forum


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 11:57.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2024, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no