Sv: Øren skole i Drammen nekter barna å bruke nisselue
Nå høyrde eg på radioen at det er ei kristen minoritetsgruppe som har krevd dette forbodet mot nisselue. For meg ser det ut som ei "sette på spissen"- greie av typen "Ok, muslimar og humanetikarar krev nøytralitet, då skal jammen vi og kreve nøytralitet". Eg har sjølv vekse opp i eit konservativt miljø, kor vi ikkje pynte med nisser til jul, fordi nissane tok fokus frå "den eigentlege julebodskapen". Så det forundrer meg ikkje at dette blir svaret på nøytralitetskrava som stadig blir stilde. På mange måtar markerer dei jo at der er omtrent umogleg å vere nøytral. Samtidig er det jo heilt feil arena å markere dette på!
Men korfor i skal muslimane få skulda for dette også, då...? Stakkars folk.
|