|
Skilpaddas flisespikkeri Ingen flis for liten - her er det fritt frem for alle pedanter! |
|
Trådverktøy | Visningsmåter |
07-08-12, 21:59 | #41 |
kamerat
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?
Poenget er at du ikkje kan sjå det på orda lenger, av di det seinare skjedde ei utvikling i stavingssystemet, den såkalla «kvantitetsomlegginga». I praksis vil det seie at du ikkje kan ha ein kort vokal og ein kort konsonant saman i ei staving, og heller ikkje ein lang vokal og ein lang konsonant. I norrønt kunne du ha båe – det var fire moglegheiter (som på finsk):
__________________
Prima (0503) et Secunda (0505) “Do you find it easy to get drunk on words?" "So easy that, to tell you the truth, I am seldom perfectly sober.” (Dorothy L. Sayers, Gaudy Night) |
07-08-12, 22:19 | #42 |
Travelt opptatt
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?
Far min er i første gruppe, og eg kan teoretisk sett klare å hugse korleis han seier verba, men det krev alt for mykje tid til at eg gjer det i røynda. I mi eiga dialekt har eg e-infinitiv, og difor brukar eg det når eg skriv og.
__________________
Litjtausa 06. Lille skatt 07 |
07-08-12, 22:32 | #44 |
kamerat
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?Substantiv. Nei, det er berre mykje variasjon i kjønn på substantiv, og så vil ein ikkje ha valfridom på absolutt alle substantiv når ein normerer. Så ein går med fleirtalet. Iblant har dei ikkje greidd det, så fram til reforma no var det t.d. ikkje lov å bøye «dialekt» i hokjønn, men no frå 1. august er det lov. Og «dialekta» er jo den normale forma i fleirtalet av dialektane som typisk er grunnlaget for nynorsknormeringa. (Skreiv ho med konservativ ane-ending.)
__________________
Prima (0503) et Secunda (0505) “Do you find it easy to get drunk on words?" "So easy that, to tell you the truth, I am seldom perfectly sober.” (Dorothy L. Sayers, Gaudy Night) |
07-08-12, 22:52 | #45 |
passe nerd
Medlem siden: Sep 2010
Innlegg: 5.447
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?På mi dialekt er det iallfall kjønnsdelt; Ei jente er "svolta" mens ein gut er "svolten".
__________________
4 barn i hjertet, 2 av de her med oss: gutt og jente 2010 |
07-08-12, 22:55 | #46 |
kamerat
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?Jo, men det der er adjektiv, Acino, så det er samsvarsbøying. Det er noko anna, då er det jo eit anna ord (eit substantiv) som avgjer kjønnet. Med substantiv er det anten–eller – anten seier du statua eller statuen, det kjem ikkje an på eit anna ord.
__________________
Prima (0503) et Secunda (0505) “Do you find it easy to get drunk on words?" "So easy that, to tell you the truth, I am seldom perfectly sober.” (Dorothy L. Sayers, Gaudy Night) |
07-08-12, 23:49 | #48 |
På vei
Medlem siden: Sep 2006
Innlegg: 3.977
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?Er det slik at dei trønderske verba med jamning fell saman med dei norrøne jamvektsorda? I så fall burde eg ha brukt kløyvd infinitiv, men det fell ikkje naturleg for meg. |
08-08-12, 07:26 | #49 |
kamerat
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?Ja, dei gjer det. Eg synest ikkje nokon er moralsk forplikta til å bruke kløyvd infinitiv sjølv om dei har spor av jamvektsorda i dialekten sin.
__________________
Prima (0503) et Secunda (0505) “Do you find it easy to get drunk on words?" "So easy that, to tell you the truth, I am seldom perfectly sober.” (Dorothy L. Sayers, Gaudy Night) |
08-08-12, 09:32 | #50 |
Yes, we can!!
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?Kva er eit trøndersk verb med jamning??
__________________
Feilen med verden er at de dumme er så skråsikre på alt - og de kloke så fulle av tvil. Bertrand Russel |
08-08-12, 09:36 | #51 |
kamerat
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?Trøndersk har typisk kløyvd infinitiv – jamvektsverba får anten a-infinitv (værra) eller vokalutligning/jamning (vårrå), medan dei andre verba får apokope (den siste vokalen blir droppa), så du får former som å spis, å sei osv.
__________________
Prima (0503) et Secunda (0505) “Do you find it easy to get drunk on words?" "So easy that, to tell you the truth, I am seldom perfectly sober.” (Dorothy L. Sayers, Gaudy Night) |
08-08-12, 09:39 | #52 |
Yes, we can!!
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?Å, det forstod eg! Kult!
__________________
Feilen med verden er at de dumme er så skråsikre på alt - og de kloke så fulle av tvil. Bertrand Russel Sist redigert av Polyanna : 08-08-12 kl 09:39. Årsak: Gløymde meg ein augneblink |
08-08-12, 10:12 | #53 |
er her
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?Kløyvd infinitiv kan eg huske frå ungdomsskulen, men ikkje stort meir enn at eg har høyrt om det. Har ikkje peiling på om eg brukar e eller a lenger heller, burde bruke a med tanke på dialekta, men har vorte veldig forvirra, sidan eg har budd i Bergen over ti år. No skriv eg så å seie aldri nynorsk, men burde egentlig gjere det litt innimellom.
__________________
Ole Brumm -04, -08, -11, -14 |
08-08-12, 10:32 | #54 |
passe nerd
Medlem siden: Sep 2010
Innlegg: 5.447
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?
Det er sant, blei nok berre reven med, tenkte litt vidare.
__________________
4 barn i hjertet, 2 av de her med oss: gutt og jente 2010 |
08-08-12, 10:36 | #55 |
Ute av produksjon
Medlem siden: Jun 2008
Innlegg: 647
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?Eg har a-ending i infinitiv både i tale og skrift, nestan tjue år i Bergen har ikkje endra det.
__________________
des 2007, april 09. |
08-08-12, 11:37 | #56 |
er her
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?
Når man ikkje skriver nynorsk (lenger) så går det dessverre i gløymeboka. Av og til er mulig å bruke, men det var ikkje det eg ville sei om det var muntlig, det er vel lov å skrive innimellom på nynorsk, sjølv om det høyrest feil ut for meg.
__________________
Ole Brumm -04, -08, -11, -14 |
08-08-12, 11:48 | #57 |
kamerat
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?Innimellom står i Nynorskordboka, det er ikkje noe teknisk gale med det, og ikkje høyrer det til noka «alarmgruppe» heller (som anbehetelse-orda). Det er berre at preposisjonen mellom, millom, mylla osv. er normert til «mellom», men skrivemåten representerer jo alle uttalene av det same ordet. Eg synest slike vage kjensler om at ei form ikkje er heilt stuerein, er eit av dei verste problema nynorsken har.
__________________
Prima (0503) et Secunda (0505) “Do you find it easy to get drunk on words?" "So easy that, to tell you the truth, I am seldom perfectly sober.” (Dorothy L. Sayers, Gaudy Night) |
08-08-12, 12:18 | #58 |
Halloen!
Medlem siden: Mar 2008
Innlegg: 20.376
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?Ein del av "anbehetelsane" går det faktisk an å skrive no på nynorsk. |
08-08-12, 12:44 | #59 |
kamerat
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?
Ja, men det tyder jo ikkje at dei er kosher i alle kretsar.
__________________
Prima (0503) et Secunda (0505) “Do you find it easy to get drunk on words?" "So easy that, to tell you the truth, I am seldom perfectly sober.” (Dorothy L. Sayers, Gaudy Night) |
08-08-12, 12:49 | #60 |
Librocubicularist
|
Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?Eg bruker anbehetelse-ord fordi eg har eit pragmatisk og kommunikativt formål med det eg skriv. I jobbsamanheng unngår eg det, men eg kan ikkje fordra å skrive "røynda" og "løyndom" og slikt. Eg trur at i eit kommunikasjonsperspektiv fungerer det betre å ikkje velje for tunge former. |
|
|