De - subjekt, dykk - objekt
I samband med FP-skriv-nynorsk-initiativet, har eg behov for å presentere ein kjepphest:
De (uttalt /de:/, ikkje /di:/ som på bokmål) er subjektsform. Dykk er objektsformen av de, og skal ikkje brukast som subjekt. (Bokmål de er dei på nynorsk).
Nå må de skjerpe dykk!
Dersom dette er vanskeleg, noko det er for mange, har det sidan 2012 vore tillate å skrive dokker, både i subjektsform og objektsform. Dermed kan dei av dykk som har ein enorm trang til å bruke dykk som subjekt, ta i bruk dokker og droppe heile de/dykk-problemstillinga. I så fall blir setninga over:
Nå må dokker skjerpe dokker!
Sånn. Takk for meg.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|