Armeringsduk på MDF-plater
Vi skal ha heilt glatte flater på MDF-platene (sånne brune med ei glatt og ei porøs side) på stova i nyehuset. Vi ville ikkje ha gips p.g.a. at det er lettare å hange opp ting på MDF.
Vi har då fått følgjande "oppskrift" frå malemannen i butikken: - Heftegrunning i alle skøytar
- Sparkle og pusse alle skøytar
- Grunne heile platene med heftgrunning
- Henge opp armeringsduk med tapetlim
- Grunne armeringsduken
- 2 strøk akrylmaling
Er det nokon som har erfaring med dette, og som har gode tips til korleis det bør gjerast og tips til korleis ein kan unngå "blemmer"?
Er usikker på kva ein bør grunne armeringsduken med, er det vanleg heftgrunning eller brukar ein noko anna?
|