Sv: J.K. Rowling og barn som er Harry Potter-fan
Eg er ikkje einig med Rolness og eg kjenner J. K. Rowling er spesielt problematisk med sine uttalelser, nettopp fordi ho har eit så ungt publikum. At det er to biologiske kjønn er greit å hevde. Men å gå såpass hardt ut mot ei sårbar gruppe, å forsvare uttalelsene med at det kan vere traumatiserende for overgrepsofre å møte mennesker som har skifta kjønn i ein garderobe, og å hevde at menn bare kan skifte kjønn for å tuske til seg rettigheter som kvinner har kjempa for, tyder på ei total mangel på forståing for den kampen mange kjemper før dei går til så drastiske steg som å skifte kjønn. Dei eg har møtt, som står i slike prosesser, fortel om alt anna enn enkle ungdomsår. Og Rowling er ein person med eit veldig stort publikum i den mest sårbare aldersgruppa. At ho i det heile tatt har så sterkt behov for å uttale seg og meine ting om andre folk sin kjønnsidentitet, med sitt publikum, er for meg heilt uforståelig.
Samtidig er verket hennar og Harry Potter-universet det samme. Det er eg einig i. Det er alt det kommersielle rundt bøkene, eg kjenner motvilje mot å støtte vidare. Litt som Tally seier, kjenner eg på dette med å skilje mellom kunst og kunstner. Og det er vanskelegare når kunstneren framleis er i live.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|