Gå tilbake   Foreldreportalen > FPForum > Fritid og hobby > Emms hobbyhjørne > Twenty-four shades of glue

[2013] Episode 10,5. Eit intermezzo frå julenisseverkstaden

Twenty-four shades of glue En overambisiøs hobbyjulekalender i Shanes ånd der limpistolene er ladde, planene er store, entusiasmen påtrengende og resultatet høyst usikkert.

 
 
Trådverktøy Visningsmåter
Gammel 10-12-13, 19:24   #1
Toffskij
kamerat
 
Toffskij sin avatar
 
Medlem siden: Sep 2006
Innlegg: 28.816
Blogginnlegg: 693
Toffskij har et rykte de fleste bare kan drømme omToffskij har et rykte de fleste bare kan drømme omToffskij har et rykte de fleste bare kan drømme omToffskij har et rykte de fleste bare kan drømme omToffskij har et rykte de fleste bare kan drømme omToffskij har et rykte de fleste bare kan drømme omToffskij har et rykte de fleste bare kan drømme omToffskij har et rykte de fleste bare kan drømme omToffskij har et rykte de fleste bare kan drømme omToffskij har et rykte de fleste bare kan drømme omToffskij har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

[2013] Episode 10,5. Eit intermezzo frå julenisseverkstaden



Dei to andre dalekane har heilt slutta å jobbe. I staden står dei og glor på Kunst- og handverksdaleken. Medan dei ikkje eingong får til å lage ei enkel julekule, riv Kunst- og handverksdaleken av seg den eine gyngehesten etter den andre. Han er eit fenomen. Ein kunstnar. Men han kan umogleg vere ein reinrasa dalek.

Dei skannar Kunst- og handverksdaleken med dalekauget sitt, og så sjekkar dei seg gjennom den kjempestore databasen over alle ting dei har møtt på nokon gong. Den eine daleken får eit treff. «Informasjon funne! Informasjon funne!» skrålar han.

«DNA-et hans er tilgrisa! Det er spor av ein kunst- og handverkslærar med namnet Fredrik! Han er underlegen!»
«Forklar! Forklar!» skrik Kunst- og handverksdaleken så godt han kan. «Eg er ein daaa-lek! Eg er reinrasa! Har ikkje informasjon om Fred-rik! Forklar!»
«Utrydd! Utrydd! Utrydd Fredrik-mennesket!» skrik dei to andre. Og for å passe inn, seier ikkje Kunst- og handverksdaleken dei imot. (Dette viser i alle fall at han ikkje er nokon vanleg dalek meir.)



Fredrik sit på kontoret sitt og kosar seg med ein varm kopp kaffe. Brått høyrer han ein lyd han trudde han aldri skulle høyre igjen. «Utrydd! Utrydd!» Så brasar tre dalekar inn.



Den eine … er det ikkje han, då? Han som låg der og ikkje kunne røre på seg? Han som Fredrik la handa på … og så spratt han opp like fin?

Det er det siste Fredrik rekk å tenkje, for no står ein dalek på skrivebordet og gjer slutt på han.



«Siger! Siger!» skrålar dalekane. Men ikkje Kunst- og handverksdaleken. Han står der med dagboka til Fredrik i kloa si.



Kva er dette? Ei teikning av ein … dalek? God teknikk også. Det er godt dei andre dalekane ikkje kan sjå han, for ned frå dalekauget renn ei tåre.




----

Daleker har dere selvsagt fra før. For å lage Fredrik og dagboka hans, trenger dere

1 isoporkule
2 piperensere
filt
tusj
lim
mosegummi til dagboka
papir til dagboka
1 Littlest Pet Shop-kopp

50 kr for hver Fredrik!

__________________
Prima (0503) et Secunda (0505)

“Do you find it easy to get drunk on words?"
"So easy that, to tell you the truth, I am seldom perfectly sober.”
(Dorothy L. Sayers, Gaudy Night)

Sist redigert av Toffskij : 10-12-13 kl 20:21.
Toffskij er ikke aktiv   Svar med sitat
 

Trådverktøy
Visningsmåter

Innleggsregler
Du kan ikke starte nye tråder
Du kan ikke skrive svar
Du kan ikke laste opp vedlegg
Du kan ikke endre dine innlegg

BB code is
[IMG] kode er
HTML kode er Av
Bytt forum


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 14:51.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2024, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no