Sv: Telt: Hva trenger man egentlig?
Til ein slik tur fungerer eit lite telt frå Jysk eller Europris heilt utmerket. Ungane har eit frå Europris til telting i hagen, og etter 3-4 år er det lika tett og fint. Tørrtren på å setja det opp nokre ganger så du ikkje ender som våre campingnaboer. Etter 3 timar forbarma samboer seg over dei, og satte opp teltet på 20 min.
Lika viktig som å kunna setja det opp, er kunsten å pakka det ned. Ha ingen forhåpningar om å få telt, stenger og pluggar ned i den bitte litle bagen, så sørg for å ha plass til noko i sekken. Og husk for guds skyld skikkeleg liggeunderlag, og ikkje noko 5 cm med ingen ting tull. Kokeapparat er også knakande kjekt. Og kortstokk!
__________________
Everybody is a genius. But if you judge a fish by its ability to climb a tree, it will live its whole life beliving that it is stupid.
|