Hokatt som markerer inne
Hokatten vår på halvanna år, markerer inne. Og ho vil ikkje slutte.
Dei har fri tilgang til katteluke, så det er ikkje noko problem viss ho ville på do. Ho tisser ikkje inne, berre denne markeringa. No har det pågått i 4-5 månader og eg begynner å bli både rådvill og innmari lei. Lei av at gangen lukter, lei av at regnbuksen til ungane lukter, lei av å fotfølge katten dersom ho kjem inn i stova ( er kun nede ho markerer)
Ho er kastrert og alt anna er på stell. Dersom me ikkje får ein slutt på dette, må me dessverre omplassere ho.
Nokon som har vert borti dette og har gode råd for å få ho til å slutte?
__________________
Nobody is perfect. My name is Nobody.
|