Er dette greit av journalisten?
I avisa BA er det i dag eit oppslag om ein av to guttar som blei påkøyrt utanfor ein skule i går:
http://www.ba.no/trafikkulykker/ulyk...n/s/5-8-346474
Heldigvis gjekk det langt bedre enn først antatt med begge guttane. Men eg stussar litt over journalistens valg av bilde. På bildet ligg gutten som er 7 år og søv med open munn. Han er altså ikkje klar over at han blir tatt bilde av og at bildet kjem i avisa. Burde ikkje journalisten nøyd seg med å ta bilde av berre foreldra når gutten søv? Eg tenker at ein såpass stor gutt (sannsynligvis andreklassing) bør ha ein viss medbestemmelsesrett. Dette bildet vil jo alle i klassen sjå.
Foreldra har nok samtykka til at bildet blei tatt, men dei er muligens fremdeles litt i sjokk og ikkje heilt i stand til å vurdere kva som er greit og ikkje.
Så her tenker eg at journalisten (og BA) burde ha tenkt seg om ein gang til!
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|