J.K. Rowling og barn som er Harry Potter-fan
Eg kjenner at dei seinare uttalelsane til J. K. Rowling om transpersoner skaper motvilje hos meg. Eg har tidlegare gått nokre runder med meg sjølv, rundt Kipling og Hamsun, og kjenner det er uproblematisk å skilje forfattar og verk når forfatteren er død.
Når det gjeld J. K. Rowling, lever ho ikkje bare i beste velgående, men ho tjener penger på merch. Hadde eg vore bare meg, ville kjøp av merch vore vore eit lite offer å avstå fra. Men nå har eg ein syvåring, som sidan februar har planlagt Harry Potter-bursdag i september, som
sparer til Galtvort-lego og som ønsker seg HP-spill. Og dette kjenner eg er problematisk. Eg kjenner ei motvilje mot å kjøpe ting, leiker og spill som støtter personen som tjener penger på dette, uttaler seg så usmaklig som J. K. Rowling gjer. Magien i Harry Potter-universet er jo likevel framleis den samme. Så hadde det bare vore snakk om bøkene, så kunne eg skaffa desse på norsk brukt, til ungen, og tenkt at det var det. Men for barn i dag er jo Harry Potter mykje meir enn bare bøkene.
Det er jo mange FP-heimer med fleire generasjoner HP-fans. Så eg lurer på om andre her har gjort seg nokre tanker rundt dette med å støtte personen J. K. Rowling sitt imperium vidare, etter dei seinaste utspela hennar?
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|