Lakseoppskrifter
Vi et gjerne laks ein gong i veka, men ein blir fort lei... Tar gjerne imot oppskrifter slik at vi kan få litt variasjon.
Sjølv kan eg bidra med ei FANTASTISK oppskrift -om eg må få seie det sjølv. Heile familien slukte maten - ungane sa at det var beste laksen dei hadde smakt... Ikkje la deg skremme av fennikel -. den blir søt og mør, og treng heller ikkje etast, men gir smak til fiskekjøttet.
Til 4:
Laks nok til alle
1 stor fennikel
1 appelsin
litt nøytral olje
salt/urtesalt
Poteter nok til alle / ris
Lettrømme
Om du vil: Toro rømmesaus med lime og pepper
Snitt opp fennikkel. Legg det på porsjonspakkar med alu-folie, eller legg alt i ei eldfast form.
Skjær appelsin i skiver, og del skivene i to. Legg over fennikkelen.
Legg på laks (eg tok av skinnet, men du kan sikkert behalde det)
Ha over litt olje
Strø på salt / urtesalt
Steik i ovn ved 200 grader. 20 min for porsjonspakkar, litt lenger om du har alt i ei form.
Kok poteter
Rør saman lime- og peppersausen.
Fisken tar smak av appelsin og blir veldig deilig og saftig. Eg kunne sikkert ha ete dobbel porsjon, om det berre hadde vore meir igjen 
Del gjerne din favorittoppskrift med laks! Eg prøvde å søke etter ein slik tråd her inne, men fant ingen...
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|