Bruken av mikrobølgeovn
Vi har mikrobølgeovn. Ein gammal ein, av typen Svært Enkel, bitteliten og garantert ikkje av dei beste.
Eg saknar ikkje ein betre mikro, men kanskje eg ikkje veit kva eg går glipp av? I nytt kjøkken havnar mikroen ut på grovkjøkkenet - ser ikkje heilt behovet inne på kjøkkenet.
Per dags dato brukar eg mikro til å tine frosen mat, samt poppe micropopcorn. Eg har kokt poteter der av og til, men syns det er like greit i gryte. Eg har også dampa brokkoli der, og det var ganske ok.
Kva brukar andre mikrobølgeovn til?
|