Sv: BÆ! Din beste oppskrift med lam
Marokkansk lammegryte
Her må du ikkje la deg skremme av den lange ingredienslista. Ta sjansen, og du får ei utruleg smaksoppleving.
---
800 g lammelår i skiver (eller fårikålkjøtt)
salt og pepar
olje til steiking
1 bunt koriander med røter
3 cm ingefærrot
3 kvitlauksfedd
2 raude chili
3 raudlauk
1 kanelstang
1/2 ts korianderfrø
1/2 ts heil spisskummen
1/2 ss anisfrø
5 heile kardemommekapslar
2 stjerneanis
1 liter kyllingkraft
1 dl soyasaus
1/2 dl lønnesirup
200 g svisker
2 lime
600 g søtpotet
100 g smør
1 sitron
2 dl yogurt naturell
---
Del kjøtet i bitar. Krydre raust med salt og pepar og brun kjøtet i olje. Legg kjøtet til side.
Surr grovhakka raudlauk, finhakka korianderrot, ingefær, kvitlauk og chili blank i oljen etter lammet. Støt kryddera (utanom kanelstang og stjerneanis) i morter, ha dei i laukblanding og steik nokre minutt til.
Tilset kjøt og kyllingkraft, la putre i ein liten time.
Tilset soyasaus, lønnesirup og svisker og la koke minst ein halvtime til. Kjøtet må vere lenge nok på varmen til å bli godt og mørt.
Smak til med limesaft.
---
Del søtpoteten i terningar og kok den mør. Mos den saman med smør, smak til med salt og pepar.
---
Bland yogurt med skalet og safta frå sitronen.
__________________
Dårlige vitser har også livets rett.
|