Koranen - kan kvinner lese i den?
For ei tid tilbake var eg på besøk hos venner. Dei hadde koranen i bokhylla. Ingen av dei er religiøse på noko vis, men veninna mi har vore innom religionshistorie på univ. meiner eg å hugse. Whatever. Eg bladde nå litt i koranen og las litt her og der, facinert over at det var skreve i diktform og på rim.
Nokre veker seinare nevnte eg dette for ei anna veninne som driv og utdannar seg til lærar, og som nettopp hadde hatt om RLE. Ho blei veldig sjokkert over at eg hadde lest i Koranen, fordi det er heilt ulovlig. Rett og slett ein svært uetisk ting å gjere. For ei kvinne altså. Ho sa at kvinner har ikkje lov å opne boka. I skulesamanheng kan ein vise fram koranen, men aldri, aldri opne den og la barna (jentene) lese. Det var rett og slett ei dødssynd, eg eg måtte aldri fortelle dette til ein truande muslim.
Dette har eg aldri høyrt om eg altså. Kan nokon fortelle meg meir om dette?
|