Sv: Harry Potter og aldersgrenser
Min sønn såg Harry Potter 1-4 då han var rundt 6-7, og nr 5 då han var rundt 9. Han vart såpass redd at han turte aldri sjå nummer 6. (og ville ikkje sjå dei andre heller egentlig.) Sidan har Harry Potter vore "teit".
Eg elsker Harry Potter, og vil gjerne at han skal like filmene/bøkene, men iom at faren har vist han dei før han var klar, så har gutungen blitt veldig skeptisk på kva han tør sjå. Eg har lest alle bøkene, og såg film 7:1 på kino først, og fikk han med meg etter å ha fortalt alt som skjer, samt lovt å sei i frå under filmen når det blir skummelt, så han kunne snu seg vekk. Då var han 13.
Min sønn var nok ikkje moden for film 1-3 før han var i allefall 10.
__________________
Det är ni som är dom konstiga, det är jag som är normal.
|