Reklamere på fadderbarn?
Beklagar litt flåsete overskrift!
Det høyres kanskje snålt ut, men kan eg klage på fadderbarnet me har fått tildelt frå Plan? Altså me trudde me skulle få jente (kryssa av på skjema), men me har fått tildelt gut.
Det har seg sånn at storesøster i familien var i ekstase da ho fekk vite at ho skulle bli storesøster. Me sa heile vegen at det like gjerne kunne bli gut som jente. Det prella berre av. Da ultralyd viste gut, var me kjappe med å fortelle dette til henne. Det prella berre av, for det kunne jo hende legen tok feil! Etterkvart som me byrja kjøpe inn litt klær og utstyr, snakka om Lillebror i magen, diskuterte navn etc, byrja det så smått å demre for storesøster at lillebror i magen faktisk var ein bror, ein gut. Da la ho sin lit på tanta si. Det måtte jo berre vere ei jente der! Skuffelsen var stor da nevøen såg dagens lys nokre veker før Lillebror vart fødd. Igjen byrja ho å fabulere om at det kunne jo hende at det var ei jente, at legen hadde sett feil eller at babyen hadde ombestemt seg (!).
Ho var stolt og glad da Lillebror endeleg kom. Ho aksepterte det greit, men det har faktisk til den dag i dag, kome små drypp om at ho egentleg kunne tenkt seg ei søster.
Ho er veldig jentete. Veldig rart, eg var alldeles ikkje sånn, men eg synes det er flott at ho er så utruleg trygg i sin kjønnsidentitet. Ho er svært stolt over å vere jente og identifiserer seg veldig i dette.
Me har lenge hatt planar om å verve oss som Plan-fadder. For å involvere Storesøster, lot me henne ta dei vala som Plan tillet: kjønn og verdensdel. Ho enda opp på Sør-Amerika og jente (bombe!)
No har ho vore veldig opptatt, og to veker etter at me meldte oss på, kom brevet i postkassen. Ho var fra seg av begeistring, og gleda seg sånn til å få vite meir om "lillesøster". Bildet av barnet var alldeles bedårande. Ein liten pjokk frå Colombia på to og eit halvt år. Men det var gut! Og ein gut på same alder som Lillebror og nevøen.
Vedlagt ligger det ein lapp om at pga. stor pågang av fadrar, kan dei ikkje innfri ønsker om kjønn. Dette hadde vore heilt greit om me berre hadde visst det på forhånd. Det var dumt av oss å gjere eit poeng ut av å fjernadoptere eit barn av bestemt kjønn, men når Plan legger opp til dette?
Storesøster var tydeleg skuffa over å "mista" lillesøstra si, men sa det var greit. Eg har litt vondt av henne og synes det er litt dårleg av Plan å ikkje vere litt i forkant på dette.
What to do?
Betalingen er uansett den same og ein hjelper lokalsamfunnet, ikkje eitt konkret barn. Men ein får bilder og informasjon om eitt bestemt barn som ein følger opp. Eg er litt frista til å dra ein bløff om at det faktisk er ei jente i håp om at denne jentefikseringa på eitt eller anna tidspunkt roar seg ned. Eller kan me be Plan om eit bytte?
Tilgi meg om dette blir ekstremt teit, men i tillegg til å lære om andre land, andre barn, andre levekår, nestekjærlighet osb, skulle dette vere ein bitteliten kompensasjon. At ho kunne fortelle at ho hadde ei lita søster også!
__________________
Bergensis
Sist redigert av Bergensis : 14-01-09 kl 01:17.
Årsak: Lagt til ein kommentar om tittel/overskrift
|