Askepotteffekten. Steforeldres vald mot steborn. (Dag og Tid)
Stefedrar tek lettare til vald mot born enn biologiske fedrar gjer. Burde ikkje norske biologar ha fortalt om det? – Jau, vi burde nok det, seier biologiprofessor Dag O. Hessen
Biologisk, eller meir presist ikkje-biologisk, foreldreskap har vore eit tema i media den siste tida. «Skadene på Christoffer Kihle Gjerstads ansikt og kropp bekymret alle. Men ingen varslet. Så døde han», var ingressen på ein større reportasje som stod på trykk i A-magasinet fredag den 21. oktober. Berre nokre dagar etter var stefaren til den vesle guten dømd for andre gong for drap og mishandling. Det journalisten, Kjetil S. Østli, synte i reportasjen, har resultert i ei mengd lesarinnlegg og artiklar i norske aviser, for, viste det seg: Helse- og omsorgsapparatet svikta totalt. Gong etter gong vart guten send attende til det vi i ettertid har fått vita var nærast dagleg vald. Det offentlege velferdsapparatet frå skule til lækjar skjøna ikkje kva det var dei stod andsynes.
Men noko innlegg frå norske biologar eller evolusjonspsykologar har ikkje stått på trykk i norske aviser.
Svært sensitivt
Dag O. Hessen er Noregs kanskje mest kjende biolog og professor ved Universitetet i Oslo.
– Burde ikkje norske biologar ha nytta høvet til å presentera den internasjonale stefarforskinga?
– Jau, det burde vi nok ha gjort, men du veit, det er så ekstremt sensitivt.
– Er det gjort noka forsking på fenomenet i Noreg?
– Nei, det er ikkje det. Vi burde kanskje ha gjort det òg, men skriv ein om dei stefedrane som ikkje er gode fedrar, så kjem stormen frå alle dei som er det.
– Men omsorgsapparatet treng vel kunnskap om den forskinga som er gjord?
– Ja, og som alltid bør ein ha to tankar i hovudet: Det finst både gode og ikkje fullt så gode stefedrar, men står ein andsynes problematikken, bør funna frå stefarforskinga i det minste vera i bakhovudet.
– Internasjonalt er fenomenet såpass kjent at det har fått eit eige namn?
– Det er nok rett, det.
----------------------------------
Her finner du hele artikkelen og noe av forskingen som ligger til grunn:
http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=1519
__________________
“Time and trouble will tame an advanced young woman, but an advanced old woman is uncontrollable by any earthly force.”
― Dorothy L. Sayers
|