Kan du redde liv?
Spinn off av denne tråden som kom på grunn av den forferdelige drukningsulykka i dag. Slikt går så inn på meg at eg nesten ikkje får puste. Og så forundrar det meg at ingen kunne hjelpe. Nå forstår eg det slik at desse menneska ikkje var født i Norge - og kanskje er vi betre til å svømme her enn i andre land.
Eg er sjølv ein dårlig svømmar og har tendensar til vannskrekk. Eg kan ikkje dykke særlig og har aldri fått til å puste ut luft under vatn (eg held pusten i staden). Eg er usikker på om eg hadde greid å få i land eit druknande voksent menneske. Hadde du? Og kva med andre type ulykker og sjukdom? Kan du hjerte-lunge redning (eller kva det nå heiter)? Kan du legge i stabilt sideleie? Kunne du ha redda eit barn fra å drukne? Veit du kva du skulle ha gjort dersom ein diabetiker fekk føling? Veit du kva du skal gjere dersom du kjem først til ei alvorlig bilulykke?
Eg meiner ikkje at alle skal svare utførlig på desse spørsmåla altså; eg berre slenger det ut til ettertanke, og vil gjerne få litt respons. Sjølv veit eg at eg i alle fall ikkje blir ståande når noko skjer. Eg har øvd på dokke når det gjeld hjerte/lungeredning, men nå i farten hugsar eg jo ikkje kor mange pust og kor mange kompresjonar Då vil eg jo aldri hugse det dersom eg verkeleg treng det!
Kan du nummeret til ambulanse?
|