Sv: Norges største universitet klarer ikke å skrive riktig nynorsk
Men eg er enig med deg eg, Maz - eg ønsker også dette. Eg trur vi kjem til å ende opp med eit samla norsk ein gong, men det vil ta tid. I den språkprosessen meiner eg at nynorsk har ei viktig rolle. Eg trur ikkje at framtidsnorsken blir nynorsk eller bokmål som vi kjenner det i dag, men noko som ligg mellom. Eg har absolutt ingen visjon om at nynorsk skal "ta over" og bli dominerande. Det er heilt urealistisk.
Det springande punkt er vel om ein ønsker at nynorsk skal vere med og danne premiss for språkutviklinga eller ikkje. Som kulturhistorikar syns eg dette er viktig og naturleg.
|