Sv: [Folkets info] Urovekkende info om HPV-vaksinen
Det er vel ikkje tvil om at vaksiner, statistisk sett, har berga utruleg mange fleire barneliv enn det event. har øydelagt for. Men sjølvsagt, personlege erfaringar vil alltid innverke på dei val vi gjer.
På grunn av kraftig eggallergi i familien har våre måtte vente nokre år med MMR-vaksinen. Vi er takknemlege for at vaksinen eksisterar og at begge no er vaksinert, men å gje vaksinen til "normal" tid var aldri noko alternativ. Dette var også legen vår einig i.
Det same gjeld for oss no ved HPV-vaksinen. Legen har anbefalt oss å vente eit par år før eldste får den, og vi vel å gjere som han seier. Vi ynskjer på sikt at begge skal bli vaksinert, men vil vere litt tryggare på event. biverknadar før vaksinen blir gjeve. Ikkje at vi ynskjer at "alle andre" skal vere prøvekaniner, men det har med sjukdomshistorikken som er i familien å gjere og korleis vaksinen kan verke i forhold til dette.
Når det gjeld Folkehelseinstituttet og deira anbefalingar, må eg innrømme at eg er litt ambivalent. Eg tvilar ikkje på at det er dyktige folk som jobbar der, men etter å ha fått råd derifrå på direkte, konkrete spørsmål (stilt via Helsestasjonen riktignok), som har vore såpass spenstige at både vi og fastlegen fekk bakoversveis, har eg slutta med å godta alt som kjem frå den kanten. Det er også noko med at alle gjev råd og anbefalingar ut frå den informasjonen og erfaringane som er tilgjengelege per i dag, og sjølv om det kan oppfattast riktig her og no, kan ettertida vise at det slett ikkje var så bra som ein trudde. Ikkje minst Helsevesenet har vist dette mange gangar. Eg har sjølvsagt ikkje forutsetningar for å overprøve det som blir anbefalt i forbindelse med HPV-vaksinen, og ynskjer heller ikkje å prøve på dette, men vi har tvilt oss fram til at vi vel å utsetje vaksinen ei stund til. Eg reknar med at vi har eit par år til før seksuell debut er aktuelt, og skjer det ikkje noko revolusjonerande reknar eg med at vi har teke vaksinen på eldste innan den tid. (Eller, eigentleg tykkjer eg ho kan vente med sånt til ho er minst 30, men det er kanskje ikkje noko å basere seg på.)
|