Sv: Hvor flytter man til i Bergensområdet?
Har budd i og rundt Bergen i mange år, og hatt ein jobb som har gjort at eg har blitt veldig godt kjent med alle nabokommunane - og da med tema utbygging. Prisar har eg ikkje heilt oversikt over da.
Generelt sett ville eg prioritert nord og aust for Bergen høgare enn vest og sør, og absolutt ikkje sett grensa ved Bergen sine kommunegrenser. Vest og sør er pressområde (sentrale delar av Fjell er i voldsom utvikling, og Askøy er den kommunen med høgast tilflytting i heile landet). Dette gjer at prisane aukar, og kommunane slit med å svelge unna folk. Da tenker eg på det trafikale, men også å holde tritt med skuletilbud, gang- og sykkelstiar etc, service, etc. Askøy har vel vore ille ute her nokre år, men trur dei har komme ovanpå nå etter kvart. Eg har sjølv budd i Bergen vest i mange år. Her var transportetappen inn til sentrum svært fin, men vi budde rett innafor Sotrabrua og var glad for det. Dei som skulle over brua sto i kø - brua er eit kjempeproblem, og vil ikkje få ei løysing før nytt Sotrasamband kjem på plass. Det er mange år fram i tid. Ellles likte vi Bergen vest forsåvidt, men vi valgte å flytte bort for å gi ungane våre meir natur og mindre forhold.
Nå bur vi aust for Bergen, det tar 30 minutt inn til sentrum på dagar utan kø. Med kø må vi rekne 45 minutt. Vi brukar byen minst like mykje som når vi budde i Bergen vest. Føler vi får i pose og sekk - kan bruke både byen og bygda, og plassen vi bur på er likevel såpass stor at det såkalla "bygdedyret" (som ein også finn i byen), ikkje merkes. Vi jobbar begge i sentrum av Bergen.
Så eg vil støtte dei som seier Åsane og Arna, og tipse om at ein kan sjå vidare enn det også. Nordhordland er fint! Når det er sagt: det er mykje bra vest og sør for Bergen by også altså. Os er ein veldig vakker kommune - men vi slo det frå oss p.g.a av prisane. Askøy og Fjell utgjekk av same grunn.
|