Dette må STATEN ordne opp i!
Denne her har eg ruga litt på ei stund... får sjå om eg får formulert meg rett no.
Eg jobbar i det offentlege, og vert stadig forundra over alle dei tinga vi menneske forventar at andre skal ordne opp i for oss. Kvar gong det skjer noko som er ein smule utanfor normalen, forventar vi at Staten skal ordne opp. Og kjære vene for eit spetakkel viss så ikkje skjer (eller viss den aktuelle ordninga ikkje er slik som vi hadde tenkt at den skulle vere)!
Vi er vel alle samde i at Noreg har eit velferdssystem som fangar opp langt meir enn det veldig mange andre land gjer, og det er jo ein Bra Ting. Men, så lurer eg litt på kva det gjer med oss i forhold til det å vere ansvarlege for eige liv og levnad. Er det alltid staten som skal ordne opp? Hadde vi hatt godt av å ta litt tak sjølv av og til?
Dette velferdssamfunnet kostar jo, og kva skjer viss vi ein dag ikkje har økonomi til å oppretthalde det?
(Dette er veldig generalisert altså, og eg innser jo at det kanskje ikkje treff blink på FP-gjengen sitt forhold til desse tinga, men gjerne har de tenkt liknande tankar?!!)
__________________
05 - 06
|