Barn og asylatet
Det har vært en del i mediene, kanskje spesielt i Bergen pga Nathan-saka. Eg kjende at eg blei lettare kvalm då eg høyrde at ein annan i klassa til Nathan måtte forlate landet same dagen som Nathan fekk vite at han fekk bli (inntil vidare). Grunnen var at han andre ikkje hadde vore i avisa, då foreldrene hans ikkje ønska det.
Jens Stoltenberg hadde ein fin kronikk om det i Dagens Næringsliv på laurdag, men eg finn han ikkje på nett.
Hovudessensen i Stoltenberg sin kronikk var at gjerdestolpane måtte settjast ein stad, og nokon ville alltid hamna på utsida.
Og - dette er min tanke, det er at vi skal taka oss i vare, og vera forsiktige så vi ikkje ender opp med at asylantar bruker born som brekkmiddel for å få lov til å bli verande.
Kvifor er det sånn at media kan få UDI til å snu? Er det heldig at dei gjer det?
|