Sv: Senterpartiet vil innføre skolemat i hele landet
Opprinnelig lagt inn av Kaija, her.
Jeg kan gjerne ha skolemat i skolene landet rundt. Det er bare det at først vil jeg ha klasser som ikke er overfylte. Jeg vil ha nok utdannede lærere, i stedet for et lass av assistenter og ufaglærte lærere
Det er garantert ikkje slik at dei pengene som dei ville ha brukt på å bygge kjøkken på skulane og tilsette folk til å lage mat, vil ha bli brukt på ressursar på skulen. Eg trur ikkje det har nokon som helst samanheng. Ei satsing på mat på skulen ville ha komme med midlar skulen elles aldri ville ha fått.
Eg er veldig for at ungane får varm lunsj på skulen, slik som i Sverige. Dei svenskar eg har drøfta dette med kan nesten ikkje tru at norske barn ikkje får mat i løpet av ein lang skuledag. Dei fleste skular har kjøkken med tilsatt personell trur eg, men ein kan også få maten tilkjørt. Barn med allergi eller på spesiell diett får sjølvsagt tilpassa mat. Der er krav til mengden vitaminer/sukker etc i måltida.
Ja, takk dette vil eg ha. Og så vil eg sjølvsagt ha meir ressursar i skulen, men det er ein annan kamp.
Og ja, eg trur dette er valgflesk, og ender opp i ingen verdens ting.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|