Sv: (Spin-off): Menn i rosa-Shabby-chic-hjem
Eg synest det er viktig å ha ein heim ein sjølv kan trivst i. Vi har lenge budd i eit oppussingskaos, og har hatt midlertidig møblering, dei siste åra. I fjor vinter blei stova ferdig og vi har brukt eit heilt år på å finne fram til møblene vi skal ha i stova. Vi har klare tankar om korleis vi skal ha det og kva vi liker, synest er fint og kva vi synest er funksjonelt. Og vi meiner nok begge at funksjonelt går over fint, sjølv om eg innimellom har lagt ned veto mot funksjonelle løysningar som er direkte uestetiske.
Vi kjøper mykje brukt, på finn og på loppemarked, men det er delvis fordi møbler er dyrt, delvis fordi folk sel mykje som fint kan gjenbrukast og delvis fordi vi ikkje har funne det vi har hatt lyst på i møbelbutikkane. Nå som vi nyleg har bestilt sofabord og spisebord, nytt i møbelbutikk, har vi gått for modellar vi synest er både praktiske og trivelege. Eg gleder meg til å få kasta ut det gamle, vaklevorne spisebordet vi har arva av foreldra mine, som ei midlertidig løysning og få ei heilheitleg innredning i stova. Vi har vald å kombinere kvite veggar med fargar på veggane og trivst med å ikkje ha det heilt kvitt rundt oss.
Men når eg ser meg rundt, ser eg minst ti gode grunnar til å ikkje interiørblogge, bare frå sofakroken...
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|