Sv: Engangsstønaden ved fødsel bør tidobles
Eg tenker og at eingangsutbetalingar på ei årslønn til folk utan jobb, er galskap, ja. For å få ned aborttala, må ein jobbe med prevensjonsbruk, ikkje gi folk incentiv til å behalde barn dei elles ikkje ville behalde.
At mødre utan jobb har dårlege rettar, er kanskje noko ein burde sjå nærare på. Sjølv om permisjonsutbetalingen er kompensasjon for tapt arbeidsinntekt, går det jo ut over barna at dei blir født inn i ein heim med lite ressurser. Men eg tenker at ordningar som behovsprøvd barnetrygd med ulike satser og ikkje minst far sin rett til sjølvstendig permisjonsopptening er veldig mykje viktigare her, enn eingongstønad.
Uansett blir det veldig feil å knytte dette til abortdebatten. Dette burde handla om sosial utjamning og fattigdom. Abortstatistikken viser vel og at det er jenter under utdanning, som har gode permisjonsordningar, som er den gruppa som trekk opp tala. Eg har ikkje inntrykk av at abort er eit fattigdomsproblem.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|