Sv: Spinoff igjen: Kjenner du noen du mistenker bruker for mye medikamenter?
Opprinnelig lagt inn av Simone, her.
Nei, eg trur ikkje det er eit absolutt skilje. Det er vel det eg prøver å forklare, kanskje på ein dårlig måte. Eg trur absolutt at ho føler fysisk smerte, men mykje av årsaka til smertene trur eg er psykisk, f.eks spenningar på grunn av psykisk stress. Så det er mulig at psykomotorisk fysioterapi kunne ha hjelpt. Medikamenta fjerner ikkje årsaka til smertene. I tillegg er eg redd for at avhengigheita skapar falske behov hos ho ved at ho på dagar der ting er ekstra tungt psykisk kanskje innbillar seg/overbeviser seg sjølv om at ho har litt ekstra vondt og at ho derfor har lov til å ta ekstra mykje smertestillande. Er ikkje det ganske vanlig hos personar som har blitt avhengige av smertestillande medikament?
Mens eg tenker at desse samanhengane er så komplekse at ein skal vere varsomme med å stå utanfor og seie at dette er reell smerte og dette er bare psykiske ting som gir seg utslag i smerte. For viss vi tar som utgangspunkt at mennesket er eit heilt menneske og ikkje ein kropp og ei psyke, er det ikkje så veldig relevant for venner og naboar kva som eigentleg er kva.
Smertestillande og beroligande medikament eller sovepiller fjernar vel ytterst sjeldan årsaken til nokon som helst form for plager. Men det kan auke funksjonsnivå og livskvalitet.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|